Mentor / Kurs

Sikre og dokumentér opplæring og kompetanse
Kursa er hovedkomponenten i MENTOR. Med ei rekke pedagogiske og visuelle verkemiddel byggjer du kurs av video, bilete, tekst og spørsmål.

Kursa er bygd opp av slides og spørsmål og har funksjonalitet som gjer at kursdeltakarane ikkje treng å gjennomføre kurset i «eitt strekk», men i ulike ledige stunder.
Neste: Spørsmål >

Mentor / Spørsmål

Kontrollér og få bekrefta læringa
I kompetanseformidling er det viktig å både engasjere og kontrollere. Manglande eller missforstått innhald kan få store konsekvensar. Godt og rett innhald i opplæringa kan redde både maskiner og mannskap.

Med gode kontrollspørsmål undervegs og eksamen på kurset, sikrar du at kursdeltakarane ikkje får sove seg gjennom pensum – og eit godt datagrunnlag på om du treff med formidlinga di.

Nokre spørsmål har ikkje svar.
Det er ei lekse det er grueleg vanskeleg å lære
Neste: Kompetanseoversikt >

Mentor / Kompetanseoversikt

Kunnskap:
1) Det vi veit
2) Vi veit kvar vi kan lære det vi ikkje veit
Det går fort mykje tid og frustrasjon i å få oversikt over kven, kva og når kurs for dine tilsette vart gjennomført.

Denne modulen gir deg oversyn over kven som har (og ikkje har) gjennomført ulike kurs. Kursa kan også ha ei varigheit – slik at du kan følge opp både tilsette som ikkje har teke kurs, og dei som må re-godkjenne kurs.
Neste: Effekt >

Mentor / Effekt

Nådde bodskapen fram?
Kor mykje og kva kursdeltakarane har fått med seg innhaldet er ikkje alltid lett å seie.

I Mentor kan du kontinuerlig evaluere innhald og form på kursa dine. Med lett tilgjengeleg statistikk på svara til kontrollspørsmåla ser du om kurset treff med den viktige bodskapen, og at den vert forstått rett.